Kattnakken

Kattnakken Behageleg regntøy som tåler brutalt vêr, fordi me drøymer om at fleire skal bli glade i regnet🌧️ Hei, me er Kattnakken! Du veit: færre kokkar, mindre søl.

Ein regntøyprodusent frå Stord som lagar heilt vasstett regntøy av høg kvalitet, til deg som har lyst til å ha det kjekt ute – sjølv om det regnar. Om du trur solskin bringar deg lukke, då har du ikkje dansa i regnet i ei jakke frå Kattnakken. Regn kan vere deilig, og med ordentleg regntøy av kvalitet, vert det også enklare å få til kvalitetstid utandørs. Me vil at du skal føle regnet tromme på he

tta og at kroppen blir omfamna av ein utvendig detox. Me vil at du skal kunne sykle til jobben når det regnar og føle deg rå. Me ønskjer å lage det beste regntøyet, slik at du kan ha herlege augneblink i regnet. Me er ikkje verdas største regntøyprodusent. Det gjev oss stor kontroll på alt me leverer frå oss og me kan lova høg kvalitet. Kattnakken er eigd og driven av Silje, produktspesialist på design av uteklede med 20 års erfaring frå tekstilbransjen og som i 2013 starta for seg sjølv. Ein gründer som er særs nøyen på alt ho leverer frå seg. Alt må fungere slik det skal, elles trekk ho det tilbake. Kanskje perfeksjonismen kjem frå at "alle" på Stord går i Kattnakken? Ho møter jo kundane på butikken, på fjellet og på gongvegen på veg heim frå jobb. Då må produkta verkeleg levere. Silje har med seg eit fint knippe medarbeidarar, alle oppvaksne med dråpar som dundrar i bakken på Vestlandet. På Vestlandet er me tilpassingsdyktige til vêr og vind, og dei enorme naturkreftene har ikkje berre forma landskapet slik det er i dag, men óg menneska som bur her. Som ein ekte vestlending har Kattnakken difor ein filosofi som lyder som følgjer: “Me skal ut, uansett vêr. Det må me – for om me sit inne og ventar på sola, så blir me sittande”. Me drøymer om at fleire skal dele vår filosofi og bli glad i regnet, difor lagar me berre behageleg regntøy som tåler brutalt vêr. Me er ein av få regntøyprodusentar i Noreg som både sveisar saumane og brukar vasstett PU-materiale. Som eit resultat kan me lova å halde deg tørr – uansett vêr. ​​​​​​​

Namnet:
Kattnakken er eit fjell som strekk seg 724 meter opp mot himmelen, ute mot havet i vest på øya Stord, der gründeren er frå. Katten, eit sjølvstendig dyr som er nysgjerrig, leiken, smidig, har ni liv og alltid landar på beina. Den elskar å utforske og gå på eventyr. Fjellet, hurtige veromslag, utfordringar, kulde, regn, snø og is, men også sol og seier. Fjellet utfordrar oss både fysisk og mentalt, å bestige eit fjell er ikkje alltid einstydande med å gå opp eit fjell. Og er det ikkje det barn gjer i si utvikling? Eit barn meistrar nye oppgåver og lærer noko nytt heile tida. Dei bestig små fjelltoppar kvar dag, er nysgjerrige og leikne akkurat som katten. Nyt regnet,
Kattnakken!

Tips! Regnponchoen vår har plass til babymagen! 💕🙌 Om du er gravid så er regnponchoen heilt perfekt. Den er laga i vår m...
21/06/2026

Tips! Regnponchoen vår har plass til babymagen! 💕🙌 Om du er gravid så er regnponchoen heilt perfekt. Den er laga i vår mjukaste PU, heilt vanntett og har laus passform med ekstra god plass over magen – utan at det kjennest klumpete. Ein stilig og funksjonell poncho som tåler alt frå trilletur i duskregn til ein våt festivaldag. Velg mellom masse herleg fargar! Akkurat no får du regnponchoen til - 30% i sommersalget!

Sommarsalg - har du fått det med deg? 😻Fortsatt mange godbitar igjen.
21/06/2026

Sommarsalg - har du fått det med deg? 😻
Fortsatt mange godbitar igjen.

Med skikkeleg regntøy er alt vêr turvær.
20/06/2026

Med skikkeleg regntøy er alt vêr turvær.

Sommersalget er i gang 😻No kan du gjera skikkeleg gode kupp på ein drøss Kattnakken-favorittar 🌧️Mange av produkta er på...
20/06/2026

Sommersalget er i gang 😻
No kan du gjera skikkeleg gode kupp på ein drøss Kattnakken-favorittar 🌧️

Mange av produkta er på veg ut av sortimentet, så dette er siste sjanse til å sikre seg favorittane før dei forsvinn 👀

Perfekt å handle til barnehagestart, skulestart – eller berre fylle opp garderoben til neste regnskur 🙌

19/06/2026

Så enkelt kan du reparere hullet i regndressen! ...og vipps er den heilt vannttett igjen🙌🌧️Reperasjonlappen vår er berre heilt genial! 👏

19/06/2026

Skal du på fottur i fjellet i sommar, eller kanskje på campingferie med ungane? Då anbefaler med absolutt å sjekka ut turregnbuksa vår. Den er spekka med smarte produktdetaljar som garantert held deg tørr om det er meldt ruskete vêr🌧🙌

Eigenskapar:
🌧️ Materiale: Polyuretan (PU)
🌧️ Vindtett
🌧️ Vanntett (10 000 - 30 000 vannsøyle)
🌧️ Strikkregulering
🌧️ Snøring i livet
🌧️ Forsterkningar innside legg og bak
🌧️ Ventilerande netting i front og rundt linning
🌧️ Sveisa saumar
🌧️ Slitestyrke over 50.000 Martindale >9kg, og over 80.000 Martindale i forsterkningar
🌧️ Refleks framme og bak
🌧️ Fluorkarbonfri
🌧️ Øko Tex 100

18/06/2026

Visste du dette? 😻

Silje viser her kor enkelt Superkappa kan kneppast på eit gammalt Kattnakken-sett du har heime 👀

Perfekt når regntøy går i arv –
og ein liten superhelt plutseleg vil ha kappe .

Så enkelt er det 👇
Av med hetta
Tre på kappa
Knepp hetta på igjen

Vips… klar for oppdrag 🦸‍♂️🌧️

Skikkeleg leikent og gøyalt.
Og ein fin måte å bruke det du allereie har.

Viste du at me har regnbukse med selar, i mjuk slitesterk kvalitet?😃 Perfekt no som det kan vere greit å kaste jakka, me...
16/06/2026

Viste du at me har regnbukse med selar, i mjuk slitesterk kvalitet?😃 Perfekt no som det kan vere greit å kaste jakka, men det fortsatt er vått i bakken. Buksa er utstyrt med slitesterke fotstrikkar, god namnelappar, refleksar på bein, sveisa saumar og regulerbare selar i strikk. Perfekt for dagar med øspøs regnvêr. 😻

"

16/06/2026

Veit du kvifor det er viktig å reingjera regntøyet ditt? 🤷‍♀️🤩 Sjå kva Silje har å fortelje om dette! 👏Hugs! Me sel alt du treng av vedlikehaldutstyr i nettbutikken og med litt ekstra omtanke kan du auke levetida til alle kattnakkenplagga dine🌎🌿

Adresse

Stord Island

Åpningstider

Mandag 12:01 - 16:00
Onsdag 12:01 - 16:00
Fredag 12:01 - 16:00

Telefon

+4745670092

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kattnakken legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kattnakken:

Del