Rabbagasten

Rabbagasten Rabbagasten har tøffe og behagelege bæreselar til små og store rabbagastar - i tillegg finn du flotte barnekle laga for å leike i.

Bæresele-prisar finn du i albumet her på sida; "oppdaterte prisar" og bæresele-typane eg tilbyr er meh dai og onbuhimo samt konvertering av sjal til ringslynge. Storleikane for bæreselane er:
Fersking (nyfødd)
Småtass (ca 3-4 mnd til ca 1,5 år)
Rakkar (ca 1,5 år til 3 år)
Mega-Rakkar (ca 2,5 år og oppover). For bestilling ta kontakt på melding her inne eller send ein e-post til [email protected]

Den store dagen, der brudekjolen igjen skal få svinge seg, nermar seg voldsomt! Og no har siste sting også blitt sett i ...
26/08/2026

Den store dagen, der brudekjolen igjen skal få svinge seg, nermar seg voldsomt! Og no har siste sting også blitt sett i både kjole og tilbehør. Sjekk denne dritkule blazeren eg fikk tak i secondhand på Ålesund Green! Komplett med jakkeemblem frå Mannskoret Harmonien, og med Fagert er landet i lomma! ❤️🇳🇴 Jakka var passe oversized over skuldrane, men måtte kortast litt opp på ermene.

No er eg klar for fest i morgon! Juhu!💃😎🎉

Ei, to eller tre stropper (på kvar skulder) - that's the question.
16/08/2026

Ei, to eller tre stropper (på kvar skulder) - that's the question.

05/08/2026

Det går sakte men sikkert framover - skjørtet er ferdig!

05/08/2026

Det går sakte men sikkert framover! Skjørtet er ferdig!

Prosessen med brudekjole-make-over går så smått på fram, og på denne biten her gjeld det å ha tunga beint i rett munn (s...
24/06/2026

Prosessen med brudekjole-make-over går så smått på fram, og på denne biten her gjeld det å ha tunga beint i rett munn (som ein kollega pleier å seie)! Deler av framsida på kjolen er på gang.

Eg synest det er så morsomt når tekstil blir skulpturell! 🤩

03/06/2026
20/05/2026

For tjue år sidan sat eg på den vesle studenthybelen min i Bergen og broderte perler omtrent kvar ledige time heile sommaren gjennom! No er det visst på tide å sprette dei av at.. Eg skal på galla i august og planlegg å gå med brudekjolen igjen - dog i ei anna form enn sist.

Planen er ikkje heilt klar endå for korleis resultatet skal bli, men ideane er mange! Følg med for å sjå kor vegen går i prosjekt sy-om-brudekjolen! 👰🪡🧵

Mimre mimre! Det var ein gong ein sjølvsydd brudekjole (bilde av bildet - då veit du at det er lenge sidan..) - no skal ...
20/05/2026

Mimre mimre! Det var ein gong ein sjølvsydd brudekjole (bilde av bildet - då veit du at det er lenge sidan..) - no skal den få komme ut av skapet igjen!

Eg tar på meg små og store fikse-oppdrag! Det er så kjekt å få ordna slikt som anten har gått sund eller berre manglar n...
10/05/2026

Eg tar på meg små og store fikse-oppdrag!

Det er så kjekt å få ordna slikt som anten har gått sund eller berre manglar noko lite for å funke optimalt! Dagens fiks er på dugnad for Hatlehol Skolekorps, slik at fana deira er ship shape til toget neste sundag. Eg kryssar fingrane for litt betre fest-vêr enn den eg har utanfor vindauget i dag (dvs sju grader, regn og vind..)🤞

Adresse

Djupmyra 11
Ålesund
6013

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Rabbagasten legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Rabbagasten:

Snarveier

Del